Da Sigrid Agnethe Hansen var lita var stemma til Klaus Hagerup soundtracket i livet. Når ho skriv bøker sjølv er det ein litt engsteleg 15-åring som ligg naturleg der og vil ut.

Sigrid Agnethe Hansen (1989) har skrive to bøker for ungdom: Ser du dette? (2020) og Du veit ingenting (2023). Ho kjem frå Harstad, men bur i Tromsø. Foto: Marius Fiskum. Foto: Marius Fiskum
– Kva betydde bøker for deg i oppveksten?
– Veldig mykje! Vi var ofte på biblioteket, og lånte både bøker og lydbøker. Eg las mykje, og har eit nært kjærleiksforhold til mange barne- og ungdomsforfattarar på grunn av det. Eg vil særleg trekke fram Klaus Hagerup sine bøker, som eg både las sjølv og høyrde på lydbok før eg sovna om kvelden. Stemma hans er soundtracket til ein del av barndommen min, føler eg.
– Kvifor ville du bli forfattar?
– Eg har hatt lyst til å vere det så lenge eg kan hugse, og det trur eg hang tett saman med at eg var så glad i å lese. Så har eg vel alltid hatt mykje på hjartet, som fekk plass i notatbøker i ungdommen og i bloggformat da eg var student. Eg trur nok eg har hatt ei grunnleggjande tru på at eg har historier inni meg som vil ut, og det er deilig når ein da får til å skrive dei.
– Kvifor valde du å skrive for ungdom?
– I 2017 blei eg kontakta av ein redaktør på Samlaget som hadde lese bloggen min og lurte på om eg ville skrive for ungdom. Til da hadde eg prøvd å skrive litt stort og smått, og vore litt i kontakt med eit par forlag, men ingenting hadde blitt noko. Da eg fekk spørsmålet, kjente eg med ein gong at det hadde eg lyst til. Eg føler sjølv at mitt språk og min måte å skrive på passar veldig godt i ungdomssjangeren, det er liksom ein litt engsteleg 15-åring som ligg veldig naturleg der og vil ut.
– Finst det ein raud tråd eller fellesnemnar i bøkene dine?
– Dei to eg har skrive til no heng saman med kvarandre, så dei har jo det i seg sjølv til felles. Tematisk er dei ulike, men begge handlar om å finne seg sjølv og sin plass, om vennskap og om å føle seg utanfor. Dei har også det til felles at det i stor grad handlar om å ha vanskelege tankar som ein kan skamme seg over, og det å vise at det er lov å tenke slike tankar er viktig for meg. Eg vil at lesarane skal kjenne seg litt mindre aleine når dei les mine bøker.
– Er det noko du er spesielt opptatt av som forfattar?
– Å skildre kjensler så godt som mogleg og skrive truverdige dialogar. Eg synest miljøskildringar er det kjedelegaste i verda å lese, så eg vil fokusere på relasjonane!
– Kva likar du å gjere når du ikkje skriv?
– Kva eg liker å gjere og kva eg faktisk får tid til å gjere er ikkje heilt det same for tida, midt i tobarns-suppa. Men eg liker å vere med familien, gå på ski, gjere yoga, halde kontakt med venner og slappe av.
– Kva forventningar har du til NBU?
– Eg sit jo veldig mykje aleine når eg skriv, så eg ser fram til å ha eit større nettverk, og har dessutan høyrt at årsmøta bruker å vere veldig bra! Og det å ha ei foreining som jobbar for rettane til oss barne- og ungdomsforfattarar ser eg på som eit stort pluss.
Innlegget Nytt medlem: Sigrid Agnethe Hansen dukket først opp på NBU - Norske barne- og ungdomsbokforfattere.