Regjeringa gamblar med framtida. Kutt i innkjøpsordninga for barne- og ungdomslitteratur gjer den unge lesaren til tapar.
Det skriv forlagsdirektør Edmund Austigard og fungerande forlagssjef Ragnfrid Trohaug i Samlaget i eit debattinnlegg i Dagens Næringsliv.
«Vi er best i verda på lesing. 93 prosent av alle over 16 år les minst ei bok i året. Og det er ikkje slik at vi er meir disponerte for lesing enn andre folk – det ligg politisk vilje over mange tiår bak dei tala. Vi er blitt eit lesande folk, fordi det har vore politikk i botn som har oppmuntra oss til å bli lesarar. Vårens kutt på 18 prosent i kulturrådsinnkjøpet av barne- og ungdomslitteratur er ein alvorleg reduksjon i tilbodet til dei yngste lesarane, og vil få konsekvensar for lesinga i framtida. Vi meiner det er ein særs korttenkt politikk å redusere innkjøpet ytterlegare, slik signal frå regjeringa tyder på.
Skal vi framleis vere best på lesing om ti år, er ingenting viktigare enn å rekruttere dei unge lesarane. Og ingen rekrutteringsarena er betre enn biblioteket. Reduksjon i innkjøpet av litteratur for barn og unge vil redusere rekrutteringa av lesarar, og vidare påverke lesedugleiken.»
Les også intervju med Anne Oterholm om arbeidet med å endre innkjøpsordninga så langt: Endringer i innkjøpsordningen