Quantcast
Channel: NBU – Norske barne- og ungdomsbokforfattere
Viewing all articles
Browse latest Browse all 2898

Sakprosaforfattarar velkomne i Forfattersentrum

$
0
0

Norsk Forfattersentrum vedtok på årsmøte i helga å opne opp for medlemsskap for sakprosaforfattarar. Saka har vore debattert i foreininga fleire gonger over mange år, og meiningane har vore delte. Men med 84 mot 24 stemmer vart det nå vedtatt ei endring i opptakskrava som gjer at sakprosa av ein viss type kan kvalifisere til medlemsskap.

Likevel vil NFSs definisjon av sakprosa-omgrepet langt på veg samsvara med den Kulturrådet har, det inneber bøker skrivne i ei essayistisk, forteljande, resonnerande eller argumenterande form er «innanfor», mens typisk bruksprosa som hobby- og handbøker, oppslagsverk, lærebøker og forskingsrapportar fell utanfor.

Norsk Forfattersentrum vart stifta i 1968 som ein organisasjon som formidlar opplesningar, skrivekurs, foredrag og andre oppdrag for medlemmene. I utgangspunktet var det berre forfattarar av skjønnlitterære bøker for vaksne som kunne vera medlemmer, men seinare har det vorte opna også for barnebokforfattarar og dramatikarar. Foreininga har ca. 1200 medlemmer.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 2898