I alle dei fem nordiske landa står barne- och ungdomslitteraturen for mellom ti og 20 prosent av den totale bokutgjevinga (Nordic Book Statistics Report 2011). Sett i høve til folketalet gjev Danmark ut svært mange bøker, men frå 2011 er Sverige det landet som gjev ut flest titlar pr år. Utgjevinga her auka med meir enn 50 prosent på berre seks år (2002-2008), noko som kan forklarast av at momsem på bøker vart sett ned frå 25 til 6 prosent i 2002.
Fleire kvinner
Men den tydelegaste trenden dei seinare åra er at talet på kvinnelege forfattarar aukar, det same gjeld kvinnelege hovudpersonar. Mange kvinnelege forfattarar vel å skildre opplevingane til jenter og unge kvinner, ikkje minst kring lyst og seksualitet, ut frå eigne perspektiv.
2012 utnemnde Svenska barnboksinstitutet grenser och grenseløyse til det store temaet i den svenske barne- och ungdomslitteraturen. Forfattarane søkjer å finne nye måtar å konstruere forteljinagne sine på og nærme seg normer, t.d. var det i 2012 mange skildringar i ungdomsbøker av bi- eller homoseksuelle unge menneske som såg på seksualiteten sin som noko uproblematisk.
Les heile innlegget til Åsa Warnqvist på barnebokinstituttet.no:
http://barnebokinstituttet.no/artikkel/1366/barn-och-ungdomsbok-utgivningen-sverige