Dei 1232 utgjevingane i 2012 omfattar både nye og tidlegare utgjevne bøker, men ikkje nye opplag.
Norske og omsette
Av alle bøkene for barn og unge frå 2012 var 383 nye norske bøker, 105 norske gjenutgjevingar, 558 nye omsette bøker og 186 gjenutgjevne omsetjingar.
Omsette bøker (744) utgjer 60 % av det totale talet på bøker for barn og unge i 2012. (2010: 62 %, 2011: 58 %). 69 % av bøkene er omsette frå engelsk.
Samisk og nynorsk
Det vart utgjeve 17 bøker for barn og unge på samiske språk i 2012.
Av de 383 nye norske bøkene frå 2012 er 11 % (43) tilgjengelege på nynorsk. Det er den same delen som i 2010 og 2011. For dei 558 nye omsette bøkene er delen lågare.
Kvinner og menn
Fleire kvinner enn menn gav ut nye bøker for barn og unge i Norge i 2012.
168 kvinnelege forfattarar skreiv 213 bøker, mens 107 mannlege forfattarar skreiv 153 bøker.
Les meir om statistikken for 2012 og tidlegare år på barnebokinstituttet.no:
http://barnebokinstituttet.no/artikkel/1370/statistikk-over-bokutgivelser-barn-og