Quantcast
Channel: NBU – Norske barne- og ungdomsbokforfattere
Viewing all articles
Browse latest Browse all 2898

Maria Parr fekk sin tredje bragepris

$
0
0

I går blei den gjeve Brageprisen delt ut i fire kategoriar. I kategorien for barne- og ungdomslitteratur stakk Maria Parr av med prisen – for tredje gong!

Maria Parr fekk prisen for barneromanen Oskar og eg, illustrert av Åshild Irgens. Ho har tidlegare fått Brageprisen for Tonje Glimmerdal (2009) og Keeperen og havet (2017), også dei illustrerte av Åshild Irgens. Foto: Samlaget

Dette seier juryen om vinnarboka:

Det er mykje ein skal få til når ein er ung. Finna seg sjølv og kor ein høyrer til. Kva ein kan, og kva ein må læra seg. Veksa inn i noko – og veksa frå noko anna. Vinnarboka har dette strekket i seg: Å vera på sin plass i livet, men samstundes å vera i rørsle.

Vinnaren skildrar opplevinga av å vera nett her, i mellomrommet. Det vert skrive fram kraftfullt og rikt på bilete. Språket er friskt som sjøsprut, rasande som torevêr og lint som sommarvind. Eit språk tett knytt til naturen medan det samstundes speglar livet. Der er kvardagen, med alle dei viktigaste tinga, store eller små.

Gjennom stor forteljarkunst frå nett den vesle kvardagen fremjar årets vinnar fantasi, kjensla av å høyra til og kjensla av å meistra noko. Vinnaren fortel òg om å mista noko når me veks, men framleis kan spegla oss i barndommen slik den var, gjennom ein liten bror. Slik viser boka magien i barnelivet, der forståinga av verda er ny kvar dag.

Årets vinnar har skrive eit vedunderleg portrett av noko av det viktigaste i livet for eit barn: fellesskapen med eit sysken. Ein Oskar i livet skulle alle ha.

Dei andre nominerte var:
Sigmund Løvåsen: Tusen elgar i garasjen (Samlaget)
Ragnar Aalbu: Kalde klover (Gyldendal)
Inger Johanne Sæterbakk: Hjartespreng (Aschehoug)

I kategorien sakprosa for barn og unge gjekk prisen til Ragnhild Holmås og Henriette T. Osnes: Ordenes hårreisende hemmeligheter (Aschehoug).

Dei andre nominerte var:
Anna Fiske: Hvordan snakker man om døden? (Cappelen Damm)
Jannicke Wiik-Nielsen, Line Renslebråten og Dag O. Hessen: Tett på livet i vann(Fontini forlag)
Kristin Storrusten og Victoria Sandøy:Jeg elsker pinner. Og minst 89 grunner til at du også burde gjøre det (Vigmostad & Bjørke)

Brageprisen består av 75 000 kr og ein Brage-statuett laga av kunstnaren Børre Larsen.

Alle norske forlag kan melde på bøker til Brageprisen. Fire juryar nominerer fire bøker kvar, som så blir vurderte av eit såkalla elektorat, som består av 27 elektorar frå heile landet, ni i kvar kategori (tre bokhandlarar, tre bibliotekarar og tre kritikarar). Elektorane stemmer, uavhengig av kvarandre, på dei fire nominerte bøkene i sin kategori. Boka med flest stemmer vinn. I open klasse er det juryen som avgjer vinnaren.

Innlegget Maria Parr fekk sin tredje bragepris dukket først opp på NBU - Norske barne- og ungdomsbokforfattere.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 2898