Bokslukarprisen er ein nasjonal leselystpris i regi av Foreningen !les. I fjor haust stemte 127 000 elevar på mellomtrinnet fram fem superfinalistar, som så blei lesne frå perm til perm av ni juryklasser frå heile landet.
I dag kunne dei unge lesarane avsløre kva for bok dei likte best. Og det var ei bok som har hausta både Brageprisen og Kritikarprisen allereie, nemleg Familien Brattbakk av Julia Kahrs (Gyldendal 2022).
NBU gratulerer!
Prisen består av eit diplom og 25 000 kroner.

Det var ei rørt Julia Kahrs som tok imot prisen på Sentralen i Oslo. T.v. programleiar Kristine Magnesen og fire representantar frå barnejuryen. Foto: skjermdump frå utdelinga
Dei andre superfinalistane var:
TIX. Den stygge andungen av Andreas Haukeland & Olav Brekke Mathisen. Illustrert av Odin Helgheim. Gyldendal 2021
Ragnarok 2: Fimbulvinter av Odin Helgheim. Egmont 2021
Skallen av Harald Nortun. Samlaget 2021
Portalpilotene: Det første oppdraget av Stian Gulli. Illustrert av Sigbjørn Lilleeng. Aschehoug 2021
Innlegget Bokslukarprisen til Julia Kahrs dukket først opp på NBU.