Quantcast
Channel: NBU – Norske barne- og ungdomsbokforfattere
Viewing all articles
Browse latest Browse all 2898

18. november: Fagleg og sosialt påfyll hos NFFO

$
0
0

I fjor starta Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO) ein forfattarskule for å auke tilfanget av sakprosabøker for barn og unge. I år vil tolv nye elevar få oppfølging i form av helgesamlingar.

18. november inviterer forfattarskulen alle som skriv for barn og unge til fagleg og sosialt påfyll i NFFOs lokale i Uranienborgveien 2 i Oslo. Samlinga er open for forfattarar av både sakprosa og skjønnlitteratur.

Program
Kl. 18: Ingvild H. Rishøi om å skrive litterære bilde

Kl. 19: Alfred Fidjestøl om å skrive etterretteleg

Kl. 20: Fingermat og vin/drikke

Meld deg på her

Det er Bjørn Arild Ersland som er hovudlærer på forfattarskulen. I tillegg til å vere ein erfaren sakprosaforfattar er han professor i skrivekunst ved Universitetet i Stavanger og dessuten styremedlem i NBU. Også Hilde Hagerup er tilknytt forfattarskulen som skrivelærar. Ho har, i tillegg til å vere forfattar, bakgrunn frå Norsk barnebokinstitutt.

Talet på plassar er avgrensa. Er det fullt, kan du ta kontakt med Kristine Isaksen i NFFO, kristine.isaksen@nffo.no, for å komme på venteliste. Dersom du har meldt deg på, men ikkje kan delta likevel, er det fint om du melder ifrå.

 

Innlegget 18. november: Fagleg og sosialt påfyll hos NFFO dukket først opp på NBU.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 2898