29. mai melde Kulturdepartementet at kunstnarar vil få 70 millioner kroner i ei midlertidig stipendordning som skal forvaltast av Statens kunstnarstipend. Nå er ordninga på plass.
Sjølv om den midlertidige stipendordninga heiter COVID-19, er det ikkje eit krav at søkaren er økonomisk ramma av koronakrisa. Ved tildeling skal det leggast vekt på kunstnarisk kvalitet og aktivitet. Føremålet med stipendet er å halde oppe kontinuitet i kunstnarisk produksjon, sikre sysselsetjing og bidra til etterspørsel av kunsten.
Stipendet er på kr 100 000 og blir utbetalt som eit eingongsbeløp i veke 42. Det blir ikkje trekt skatt av stipendet, men det er oppgåvepliktig.
Kven kan søke?
Kunstnarar som i hovudsak bur og arbeider i Noreg, kan søke stipendet. Det kan gjerast unntak om det blir vurdert som rimeleg. Ordninga gjeld berre enkeltkunstnarar, ikkje grupper. Søkarane må ha utgitt verk tidlegare.
Kven kan ikkje søke?
Mottakarar av arbeidsstipend (inkludert arbeidsstipend frå NBU), arbeidsstipend for yngre/nyetablerte kunstnarar, garantiinntekt, stipend for etablerte kunstnarar og stipend for seniorkunstnarar i 2020 kan ikkje søke stipendet. Stipendet kan heller ikkje søkast av kunstnarar som er under utdanning som utgjer meir enn 50 % av tida eller 15 studiepoeng per semester.
Søknadsfristen er 5. august kl. 13:00.
Søknadsskjemaet blir lagt ut her i veke 28.
I mellomtida kan du lese meir om stipendet her.