Quantcast
Channel: NBU – Norske barne- og ungdomsbokforfattere
Viewing all articles
Browse latest Browse all 2898

Gratis skriveopphald i Hallingdal

$
0
0

Treng du ro til å skrive i ein periode? På Leveld Kunstnartun i Ål i Hallingdal kan du bu og arbeide gratis. Søknadsfristen er 1. april 2019.

Opphald er tiltenkt profesjonelle kunstnarar – forfattarar, biletkunstnarar, musikarar, skodespelarar og kulturarbeidarar m.m. Det er eit vilkår at ein har medlemskap i ein fagorganisasjon, eller at ein kan leggje fram tilsvarande fagleg dokumentasjon.

Det er gratis bruk av verkstad og Internett. Opphaldsperioden er normalt 1 månad, men både kortare og lengre opphald kan avtalast. Det er eit vilkår at kunstnarane under opphaldet formidlar sine prosjekt eller relatert emne lokalt etter nærare avtale.

Arbeidsopphald blir lyst ut to gonger i året. Opphald frå 1. november 2019 og første halvår av 2020 har søknadsfrist 1. april. Sjå full utlysning på www.kunstnartun.no. Der finn du også digitalt søknadsskjema.

 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 2898