Skriv eit nyttårskort til fengsla forfattarar, bloggarar og journalistar!
Søndag 13. desember ønskjer PENs komité for fengsla forfattarar velkommen til eit hyggeleg og viktig førjulstreff, der vi skriv nyttårshelsingar til forfattarar, journalistar og bloggarar som sit i fengsel eller på andre måtar er truga eller forfølgde.
Vi opnar PEN-kontoret og møterommet og serverer gløgg og pepparkaker. Stikk innom mellom kl. 13 og 16! Saman med andre skribentar og PEN-medlemmer kan du bidra til å gi hardt prøva kollegaer ei oppmuntring i mørketida.
Tid: Søndag 13. desember frå kl. 13.00 til 16.00
Stad: 3. etasje, Litteraturhuset i Oslo
Velkommen!
Helsing Brit Bildøen
Komiteen for fengsla forfattarar