Quantcast
Channel: NBU – Norske barne- og ungdomsbokforfattere
Viewing all articles
Browse latest Browse all 2898

Oppsummering av bokåret 2014

$
0
0

Bokåret 2014 er over, og vi i Norske barne- og ungdomsbokforfattere sitt Litterære råd har laga ei kort oppsummering av utgitt litteratur for barn og ungdom. NBU sitt litterære råd les alt som kjem ut, og vi ser nokre tendensar som endrar seg litt frå år til år.

tor arveAv Tor Arve Røssland, leiar av NBUs litterære råd

Barn blir ”bombardert” med sanseinntrykk frå alle kantar, og i bokbransjen ser vi det er komme eit enormt utval av utanlandske bøker på marknaden samanlikna med tidlegare år. Dagens barn og unge er ikkje redde for å plukke opp bøker på engelsk. Dette aukar konkurransen for dei norske forfattarane.

Teknisk sett merker vi ein generell nedgang i den redaksjonelle kvaliteten hos ein god del forlag. Dette er merkbart når ein har lest bøkene, og sit med heile bokkatalogen framfor seg. Mange bøker gir eit preg av hastverk, og kunne vore meir gjennomarbeidd, hatt fleire rundar hos redaktøren, eller hos forfattaren sjølv.

Litterært hastverk viser seg tydeleg gjennom å vere lite truverdig, dramaturgi som skurrar, har ”hol i plottet”, har ukonsekvent språk (eller direkte språklege feil). Dette ser vi i bøker både frå etablerte forlag med salssuksessar og smalare bøker, og hos etablerte forfattarar. Dei mindre forlaga og dei ferskaste forfattarane har tydeleg fleire bøker som er svekka av dette. Dette er ei utvikling vi ikkje likar, og vi håpar forfattarane kan krevje å bli behandla meir profesjonelt av forlaga sine, slik at forlaga kan ta dei naudsynte rundane eit manus treng for å bli ei god bok.

Det er mange gode gamle travarar i den norske barnebokmarknaden, og det er kjekt å sjå at gromgutar som t.d. Arne Svingen, Sigbjørn Mostue og Jon Ewo framleis produserer bøker av høg litterær kvalitet år etter år.

I tillegg er det ekstra spennande med debutantar. I 2014 hadde vi ei rekkje ferske stemmer der ute. Ulike bøker som Jeg blir heldigvis ikke lagt merke til av Liv Marit Weberg og Trollskallen av Alexander Løken er berre to av ei spennande rekkje med debutantar.

Vi ser også at fabelprosasjangeren veks. Fabelprosaforfattarane har til og med organisert seg i sitt eige laug; Fabelprosalauget. Siri Pettersen har kome med den etterlengta oppfølgjaren til Odinsbarn, som har det velklingande namnet Råta. Pettersen har oppnådd kultstatus på særs kort tid med desse fascinerande bøkene som treff både vaksne og ungar, og hos kritikarane med. Sjangeren har òg sett nye tilskot på debutantfronten med bl.a. Lise Grimnes si bok Kaoshjerte. Vi nemner også samarbeidsboka Flukten av Amund Hestsveen og Torborg Igland – Ein dystopi frå eit framtidig Skandinavia. Erik Martenson har laga ei skikkeleg action/science fiction-bok Skyggespinneren som nok vil fascinera alle som har sett Star Trek eller Babylon 5 på fjernsyn.

Dersom vi skal putte lesarane våre i aldersgrupper, saknar vi fleire bøker for dei i aldersgruppa 6-10 år. Med fjorårets boksuksess for Håkon Øvreås si bok Brune burde inspirere, og ønsket er at det burde satsast på fleire tilgjengelege titlar for lesarar i denne aldersgruppa. Vi forfattarar likar å herme litt etter kvarandre, og sidan Øvreås med illustratør Øyvind Torseter vann Nordisk råds litteraturpris for Brune, er det eit håp at andre forfattarar ser fleire moglegheitar.

Vi ser ein gryande trend til at fleire forfattarar kjem til å samarbeide om å skrive bøker i året som kjem, slik Bjørn Sortland og Tyra Teorora Tronstad gjorde med Det blir pinleg uansett. Inspirerande samarbeid mellom forfattarar som finn tonen saman, og skaper noko heilt nytt.

Er det andre trendar enn ein stor og ulmande fabelprosasjanger? Eigentleg ikkje, meir av det samme. Ein jamn produksjon av gode, realistiske bøker med tematikk som vi barne- og ungdomsbokforfattarar meiner barn og ungdom bør vere opptatt av; mobbing, forelsking, einsemd, og bittelitt sex innimellom. Dette sistnemde var det stort sett Rune Belsvik som stod for i Verdas søtaste turist, og Caterina Cattaneo, sjølvsagt, med heftige scenar i Malstrøm. Tilbakevendande tema som nettmobbing, kroppshysteri og det kanskje aller vanskelegaste; overgrep mot barn er óg blitt belyst i 2014.

Nynorskprosenten er ikkje enorm, men heldigvis kjem det ut bøker på nynorsk innimellom. Magnhild Bruheim har starta ein ny spenningsserie for barn med Motorsykkelmysteriet som første bok. Ingunn Røyset tar opp krigshistorie i Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen, Asbjørn Rydland har haldt fram med sin fantasiserie om drakeguten Koll i Kampen om Kervad og Terje Torkildsen har reist til sjøs med røvarboka Arrfjes. Nynorsken står ikkje sterkt i barne- og ungdomslitteraturen, viss vi tenkjer på talet utgjevingar, men kvaliteten er jamnt over høg på det meste som kjem ut. Det er akutt mangel på eit breiare spekter av nynorske bøker for dei mindre ungane, og ikkje minst lettleste bøker for alle aldersgruppene. Men dette ser ut til å betre seg med Samlaget si satsing kalla Leseland.

Mange fine biletbøker har kome ut i 2014. Norske biletbokforfattarar ligg heilt i verdstoppen når det gjeld variasjon og kunstnarisk kvalitet. Vi har ein unik moglegheit til å eksperimentere og skape bøker som aldri ville vore forsøkt utgitt i andre land. Éi av dei var Forelska i Feisbukk av Hans Sande, med illustrasjonar av Per Dybvig. Boka fortel om bukken Feisbukk som forelskar seg i Smørbukk. Sande tar nok ein gong opp eit konstroversielt tema, og fortel om det på ein naturleg måte. Det blir vel neppe bokbrenning og internasjonale reaksjonar som då han gav ut Pappa er sjørøvar i 2011, men ein og annan vil nok reagere på dei homofile bukkane.

Homofili blir òg behandla som det mest naturlege i verda i Thomas Marco Blatt si debutbok Hvis du lyver, om tolv år gamle Klara som er forelska i Sofie. Eg kallar han debutant sidan dette er første boka han har skrive for barn og unge.

Eit tema som er blitt litt synlegare enn før, og som eg spår kjem til å bli endå større i åra som kjem er flyktningpolitikken her til lands. Mange har skrive om både romfolk, asylborn og dei ulovlege innvandrarane. Mest merksemd har Simon Stranger fått for De som ikke finnes, den avsluttande boka i Strangers trilogi om tenåringsjenta Emilie sine møte med både flyktningar, barnearbeid og kynismen i det vestlege forbrukarsamfunnet.

Bokseriar har i lengre tid vore populært blant barn og unge, eller i alle fall blant dei som lagar og sel bøker til barn og unge. Vi merker ein heilt klar tendens til at serielitteraturen går over i andre sjangrar enn før. Tidlegare var det gjerne humor, hestebøker eller fantasi som kom ut i fleire bind.

No er det mange forfattarar som fortel heilt andre historier som vel å dele opp forteljingane sine i mange episodar. Ikkje noko gale i det. Vi forfattarar vil jo gjerne fortelje store forteljingar, og vi har ikkje alltid like lyst å gi slepp på dei oppdikta venene våre. Men forlaga er òg pådrivarar her. Og ikkje minst bokhandlarane. Dei likar seriar. Går vi inn i ein bokhandel ser vi kanskje berre ti prosent av årets norske barne- og ungdomsbøker utstilt i butikk. Bestseljarane står fremst og synleg, gjerne då i seriar. Lange seriar.

Har bokhandlarane for mykje makt her? Det kjennest nesten som om ei bok må bli antatt to gonger. Først av forlaget, og så av bokkjedene. Vi spekulerer i om dette har fått forlaga til å ynskje seg seriar, og dette har fått forfattarane til å skrive meir seriar. Men alle gode enkeltståande bøker treng ikkje å bli ein trilogi berre fordi ein innkjøpssjef ynskjer seg det.

Brageprisen gjekk til Anette Münch for Badboy: Steroid, Arks barnebokpris gjekk til debutant Anne Audhild Solberg for Kampen mot superbitchene. Bokhandlerstipendet gjekk til Sunniva Relling Berg, Uprisen for 2014 blir ikkje avgjort før i mai 2015, men i 2014 gjekk den til Thomas Enger og Den onde arven. Og vi i NBU sitt litterære råd gav vår debutantpris; Trollkrittet til Håkon Øvreås og boka Brune, lenge før han fekk Nordisk råds litteraturpris. Eg berre nemner det.

 

 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 2898